Monday, December 24, 2012

25. desember - FRELSE


Kjem du med håpet, julenatt,
om framtid og fred?
Uroa gnagar, er framtida vår?
Grøda blir vemod når tvilen sår.
Lys stjerne, herned.

Kjem du med håpet, julenatt,
gleda som gjer at gråtonen
ikkje får farge mitt sinn?
Som ropar:
Kom, sjå no er himmelen din,
lag himmelen her!

Ein gong i den første julenatt
vart framtid og fred født i ein stall
medan englar song.
Syng songen på ny,
syng han gong på gong.
Lat frøet bli tre.